Om oss:

Fjellhaug Mannskor av Lekmenn er mannskoret ved Fjellhaug Misjonshøyskole og Bibelskole (NLM). Vi er en gjeng med tidligere og nåværende Fjellhaug-studenter som ønsker å løfte frem evangeliet om Jesus gjennom sang og vitnesbyrd. Alle er vi glad i Sangboken og tillegget "Syng for Herren" sine salmeskatter. Det er lite som slår de fantastisk evangeliske tekstene en finner i mange av disse gamle og nye salmene. Vi håper å kunne synge dem inn i både unge og gamles hjerter.

Vi reiser mye rundt i Oslo-området og synger og har én gang i året turné rundt til forskjellige steder i landet. Vi hviler på evangeliets grunnvoll, befestet i Den norske kirkes bekjennelse. Ønsker du at vi skal komme til din forsamling, eller ditt Bedehus? Ta kontakt

søndag 2. desember 2007

God Jol

Mannskoret tar ein velfortent(?) joleferie, fram til veke 3 på nyåret. Lat oss denne jola gjere som dei vise menn: Komme til Jesus i takk og tilbeding.

Ja, kom alle sammen, Lovsyng Gud vår Fader! Han gav sin enbårne i Betlehem!
Ham skal all ære, Nå og evig være.
Halleluja for barnet, halleluja for barnet,
Halleluja for barnet i Betlehem!



Frå alle oss, til alle dykk: Ha ei god jol og eit velsigna godt nyttår!

lørdag 17. november 2007

Bilete frå turnéen!

Seint men godt. Her er nokre bilete frå turnéen vår til Sunnmøre i byrjinga av oktober.


Ankomst Molde.


God stemning under øving på Rauma/Molde FHS.


Spente før møtet på Rauma/Molde FHS.


Mannskoret i den nye uniformen.


Vestnes bedehus.


Dirigent Geir Henning og sjåfør Jan Kristian.


Frå venstre: Ingvald André, Ålesund, Godøya.


Kort opptreden på Godøya Eldresenter før møte på bedehuset om kvelden.


Thomas er positiv til møte. Jan Kristian er einig.


Kenneth talte på Godøya.


Kjempebra oppmøte på ungdomsmøte på Godøya.


Turnéens siste opptreden, Misjonssalen i Ålesund.


Per Inge får siste ord denne gong.


Takk for turen, karar!

mandag 1. oktober 2007

Mannskoret på turné!

Fjallhaug Mannskor av Lekmenn reiser i desse dagar på turné i retning Sunnmøre. De kan sjå øvst på sida kvar og når me skal synge evangeliet om Jesus, og er du i nærleiken er det veldig fint om du stikk innom!

mandag 27. august 2007

Grilling med Mannskoret!

Me startar opp igjen etter ein lang og plagsom sumarferie, og kjører i gang med ein "bli-kjent"-tur til Sognsvann fredag 31.08.07.
Dei som kan vere med er nye og gamle medlemmar av koret. Dersom du kan tenke deg å vere med i koret er du hjarteleg velkommen, og dersom du berre er nyfiken på kva Mannskoret går ut på, er du like hjarteleg velkommen. Det vil bli grilling, info om koret og turnéen og eit andaktsord. Enkelte aktivitetar vil det også bli(men desse må og skal ikkje forvekslast med teite "bli-kjent-leikar").

Har du lyst til å vere med, blir det felles avreise frå Fjellhaug kl 19:00. Grillmat og drikke vert kjøpt inn, ta med kr 30, så skal alt gå bra.

Hjarteleg velkommen!






(Dersom det vert stygt vér bowlar me.)

mandag 28. mai 2007

Mannskoret live

No har me vore ein god del rundtomkring med Sangboken og sunge evangeliet om Jesus(761). Det har då hendt når me har sunge, at nokon har tatt opp sangen. Det har vore opptak av ymse kvalitet, både når det gjeld framføring og lydforhold og slik, men dei finst no i alle høve.

Den store draumen vår er at nokre av desse opptaka er gode nok til at me kan samle dei på ein CD vi kan ha med oss ut på bedehusa, slik at dei gamle damene kan kjøpe den, og den gleda me freistar å spreie kan spreie seg enno litt lengre, og at songen; ordet om krossen, kan bli til trøyst, oppmuntring og oppbyggelse for kristenfolket i det ganske land. Intet mindre.
(Samstundes som ein liten slant går til misjonen, sjølvsagt)

No er som sagt opptaka av ymse kvalitet, men her får de ein smakeprøve som ikkje er av den verste, ei heller den beste sort. Songen er frå turnèen vår i mars, og det er siste songen frå møtet vi hadde på Framnes Kr.Vgs. Skjeldan opplever vi slik respons frå tilhøyrarane, og det var ein fin kveld med god forkynnelse. Ein særs minneverdig kveld for Mannskoret.
Skriv gjerne kva de synest om sangen i ein kommentar til dette innlegget(kvalitet på framføring og opptak etc.)
Og hugs framfor alt kva den handlar om.
Men her er det, Fjellhaug Mannskor av Lekmenn, upolert, rått og direkte - Live at Framnes:
Hjemme i Himlen.


Grunna lover om åndsverk og opphavsrett og slikt kan me (iallefall inntil vidare, me får sjå koss det går) ikkje ha Hjemme i Himlen ute til nedlasting lenger. Men istadenfor den legg eg no ut ein annan song, som også er knakande god.

"For intet ble untatt, og intet ble glemt
Med sitt blod Han utslettet det alt"

fredag 27. april 2007

Facebook

Mannskoret har fått egen gruppe på facebook for de som driver med slikt.
http://www.facebook.com/group.php?gid=2301528336

onsdag 7. mars 2007

Turnèen

Som de ser over her, skal me på turnè til bergensområdet. Dei stadene me skal synge er:

Torsdag 15.03: Sang og musikk-møte i Odda kl 20:00

Fredag 16.03: Møte på Norheimsund bedehus kl 19:00
Møte på Framnes Kr. Vgs. kl 21:00

Laurdag 17:03: Gatemøte i Bergen kl 12:00
Me syng på møtet i Betlehem kl 19:30

Sundag 18.03: Me bidrar med song på møtet i Salem kl 11:00
Møte på Kvitsund Vgs. kl 20:00

Er du i nærleiken, set me pris på om du møter opp!